Restaurering Alapmosetra

 

GamleSeterAlapmosetra slik den så ut da den enda var i bruk.

Me veit ikkje sikkert når Alapmosetra vart rydda og bygningane sette opp. I den eine tømmerveggen på seterhuset står det to årstal; 1878 og 1910. Vi veit, m.a. ut frå munnlege  overleveringar at setra først vart bygd på ein annan plass enn der ho står no. Kvar ho stod opprinneleg veit me ikkje. På eit tidspunkt vart setra flytta, mest sannsynleg fordi noverande plassering var betre i høve til beite og tilgang på reint og kaldt vann til kjøling av mjølka. (Kjelde: Morten Tomter, dagens eigar av gardsbruket, har fortalt.)

ForRestaureringSeterhuset ca 2012, før oppstart av restaurering.

På bakgrunn av årstala som er rissa inn i seterveggen er det nærliggjande å anta at den opprinnelege Alapmosetra vart bygd og etablert i 1878, og flytta til noverande plassering i 1910, men dette veit ein ikkje sikkert. Imidlertid veit ein kven som var eigar av gardsbruket i 1878, og ein veit noko om omstenda rundt eigartilhøva. Saman med det innrissa årstalet 1878, står også bokstavane «OIA», som truleg er initialane til Ole Ingebrigtsen Alapmo, som var eigar av det bruket Alapmoen i 1878. Vidkunn Haugli skriv dette om gardsbruket som setra ligg under, i Målselv bygdebok: Over: Skrifta på veggen. Boktavane står truleg for «Ole Ingebrigtsen Alapmo». «Ole Ingebrigtsen hadde store økonomiske problemer, og det ble utover 1860-årene stadig holdt eksekusjoner hos ham for gjeld til flere kjøpmenn (…). Problemene synes bl.a. å komme av at han overtok gjeld fra Peder Nilsen Bjørnstad (…), og i 1869 overtok Ibestad Sparebank og handelsmann Kristian Halvorsen hver sin halvpart. Ole greide likevel å kjøpe det (gårdsbruket, forf. anm.) tilbake. I 1877 delte han bruket i fire idet han solgte fra tre parter (…).» Dette var altså året før Ole Ingebrigten i 1878 etter alt å døma rissa inn initialane sine i seterveggen. Det er ikkje urimeleg å tru at delinga av eigedomen, og avhending av 3 delar (som ser ut til å vera gjort for å klara med gjeld og evt andre økonomiske problem), var den direkte årsaka til at rydding av seter vart naudsynt. Store område av både innmark og beite var med utsalet forsvunne frå ressursgrunnlaget på gardsbruket.

Teksten over er utdrag fra: 

HEIMEEKSAMEN VERNEFILOSOFIER 1 2017,
MAGNE KLEIVELAND, ST. NR 260047